Strikkefastheit: 22 masker på pinne 3 - 4. 290 m/100 g.
Dette er sauekvit Myrudl, med den naturlege fargen på ulla.
Me har laga julegåvenøster på 100 gram, ei fin gåve til ein strikkar som har "alt".
Nøstet har fått julemageband, kjem i ein cellofanpose med til-og-frå-lapp og ein dusk med ull rett frå sauene oppi Seljadalen i Vik.
Av dette kan du strikka td. eitt eller to par vottar (kjem an på størrelsen), to huer, tre pulsvarmarar, eit skjerf, eller to små halsskjerf (td. Sophie Scarf/Petite Knit).
