Strikkefastheit: 22 masker på pinne 3 - 4. 290 m/100 g.
Takrøyr i denne farginga er plukka på Refviksanden, Måløy.
TAKRØYR
"Phragmites australis"
Takrøyr er ein planteart i grasfamilien. Graset kan bli opptil tre meter høgt. Blada er breie, og toppen er stor og mørk på farge.
Takrøyr vert som navnet antyder brukt til taktekking. Slike tak kallast halmtak, sjølv om dei ikkje er laga av halm. På grunn av det høge silisiumdioksid-innhaldet i stenglane, kan slike tak halde seg i mange år. Slike tak har vore blant dei mest vanlege takkonstruksjonane på landet i Danmark, Tyskland og England.
