Til kassen
Totalt 0
Handlekurv / 0 produkter

Handlekurven er tom

Er du usikker på hvor du skal begynne??
Sjekk ut nyhetene våre

Strikkefastheit: 22 masker på pinne 3 - 4.

290 m/100 g.

Dette partiet farga me på Gamalostfestivalen i juni. Me kokte ei sterk fargesuppe av marikåpe og garnet fekk ein fin, gråbrun farge. Partiet er det andre av to parti frå same gryte.

Stormarikåpe frå hagen i Floten.

MARIKÅPE

«Alchemilla vulgaris»

I plantefarging vil marikåpe gi uklare gule fargar til garn beisa med alun, garn beisa med jernvitrol får grå/brune fargar.

Marikåpe er utbreidt i Europa, Nord-Amerika og Asia. I Norge fins ulike marikåpeartar over heile landet, både viltvoksande og som staude i hagar.

Slektsnavnet Alchemilla henspeglar på alkymi, og viser til middelalderens mange forsøk på å benytte vassdråpane på marikåpeblada til å forvandla uedle metall til gull. Desse vassdråpane kan sjå ut som doggdråpar, men er oftast vatn som planten sjølv skil ut frå tennene i bladkanten. Alkymistane meinte at desse dråpane hadde ei mystisk og magisk kraft som i tillegg til å vera utgangsstoff for gullproduksjon, også var ei kjelde til å gjenvinna ungdomen.

Menstruasjonsregulerande, mildt astringerande (sammentrekkande), stoppande (diaréhemmande), krampeløysande, sårhelande, blodstillande, betennelseshemmande, febersenkande, styrkande, appetittstimulerande og urindrivande.

Marikåpe er ei urt som alltid har tilhørt kvinnene. Dei gamle urtelegane gjenkjende krafta av Venus i denne urten, og i England fekk marikåpe tilnavnet "ei kvinne sin beste ven". Dette høgt skatta kvinneremediet har alltid vore under beskytting av ein kvinneleg guddom. For våre forfedre var dette Frøya, gudinna for kjærleik og fruktbarheit. I kristen tid vart urten gitt beskytting av Jomfru Maria. Mange blomar som var tileigna vår nordiske fruktbarhetsgudinne vart overført til jomfru Maria når kristendomen kom til landet.

Kjelde: Urteguiden

Marikåpe J/MK2-25

På lager
Art.nr: Marikåpe J/MK2-25
120,-
Vennligst velg
Frakt kr. 73,-

Rask levering

×